Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Psykomotorisk fysioterapeut 100% avtaleheimel

Alver kommune

Arbeidssted
ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaVi har no ledig 100 % avtaleheimel for fysioterapeut med kompetanse innan psykomotorisk fysioterapi. Driftstilskotet er knytt til Nordhordland fysioterapi AS i Knarvik. Oppstart etter nærare avtale. Vi vil anslå at pasientlista har lag 20 % born/unge og 80 % vaksne pasientar. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å utvikle ein etablert praksis, med pasientgrunnlag og solide faglege rammer! Om Nordhordland fysioterapiNordhordland fysioterapi ligg sentrumsnært i Knarvik, regionsenteret i Alver kommune. Instituttet kan nåast både med ekspressbuss (35min) og hurtigbåt (40 min) frå Bergen sentrum. Instituttet er organisert som aksjeselskap (AS) og har fem fysioterapeutar med avtaleheimel. Fysioterapeuten som går av har spesialisering innan psykomotorisk fysioterapi, og Alver kommune ønskjer å vidareføre denne viktige kompetansen. Dei øvrige fysioterapeutane har brei og lang erfaring innan mellom anna allmenn fysioterapi, manuellterapi og behandling av lip- og lymfødem. Instituttet har eit godt fagmiljø med vekt på samarbeid og fagleg utvikling. Nordhordland fysioterapi er eit av 8 institutt i Alver kommune, med tilsaman 22 privatpraktiserande fysioterapeutar. Avtalefysioterapeutane er ein del av fysioterapitenesta i kommunen, i tillegg til kommunal tilsette fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpemiddelteknikarar.  Om avtaleheimelenSom fysioterapeut skal du driva praksis i tråd med overordna mål og strategiar for helsetenesta i Alver kommune, helse- og omsorgstenestelova, samt dei til ei kvar tid gjeldande avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og ASA4313) og eventuelt interne samarbeidsavtalar. Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. ArbeidsoppgåverKartlegging, vurdering og behandling innan psykomotorisk fysioterapi Oppfølging av pasientar over tid Oppfølging og behandling av pasientar med traumebakgrunn Oppfølging av barn og unge  Tverrfagleg samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar Inntaksvurderingar og handtering av ventelister Planlegging og gjennomføring av gruppebehandling Bidra i drift av privat praksis, inkludert aktuelle administrative oppgåver Bidra til utvikling av praksisen og det samla tenestetilbodet Kompetansekrav Norsk autorisasjon som fysioterapeut  Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk fysioterapi Gode norskkunskapar, munnleg og skriftleg.  Det er føremon, men ikkje eit krav, at du har: Rett til å utløyse takst A9 Kompetanse og erfaring innan psykomotorisk behandling av barn og unge Kunnskap og erfaring innan behandling av mennesker med traumelidingar Erfaring med tverrfagleg samarbeid Innsikt i inntaks- og prioriteringsarbeid, venteliste og venteliste-reduserande tiltak Kven er du?Du er sjølvstendig og har erfaring som privatpraktiserande fysioterapeut Du har evne og vilje til å bidra aktivt i drift og utvikling av praksisen Du arbeider kunnskapsbasert og held seg fagleg oppdatert Du har god på kommunikasjon og samarbeidar godt med kollegaer og andre samarbeidspartar Du har evnge til å skape tillit, skapar gode relasjonar til pasientane og er trygg i terapeutrolla Du bidreg i arbeidet med utvikling og kontinuerleg forbetring av fysioterapitenesta i Alver kommune Du er løysningsorientert, fleksiben og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.  VurderingarVed vurdering av søkjarane vil vi særleg leggje vekt på: fagleg tryggleik og klinisk resonnering innan psykomotorisk fysioterapi erfaring med kartlegging, vurdering og behandling av aktuelle pasientgrupper erfaring med vaksne pasientar med samansette og langvarige utfordringar evne til å tilpasse behandling til ulike pasientar og samansette behov samarbeidsevne og erfaring med tverrfagleg samhandling forståing for drift av avtalepraksis, prioritering og ventelistehandtering fagleg engasjement og evne til å bidra til utvikling av tenesta og fagmiljøet gode relasjonelle ferdigheiter, sjølvstende og evne til samarbeid. Politiattest I tråd med [helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede   Vi tilbyrEi meiningsfull rolle med stort fagleg ansvar Moglegheit til å vidareføre og utvikle ein etablert praksis Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.