Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sør-Fron skule søkjer lærar

Sør-Fron kommune

Arbeidssted
SØR-FRON, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du ein engasjert lærar på jakt etter nye utfordringar? Vil du bli ein del av kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule? Vi har ledig ei 100 % mellombels lærarstilling ut skuleåret, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer først og fremst etter allmennlærarar og grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø og utøver tydeleg klasseleiing. Har du undervisningskompetanse i norsk på ungdomssteget, og formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk? Då kan du vere den vi leitar etter! Velkomen som søkjar til ein ny og framtidsretta skule der du får vere med og gjere ein forskjell for elevane kvar einaste dag. Hugs å leggje ved attestar og vitnemål saman med søknaden. ArbeidsoppgåverPlanlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre. Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap. Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar. KvalifikasjonarTilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava for norsk (min 60 stp) på ungdomssteget. Formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine. Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt. Personlege eigenskaparDu er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing. Du er ein dyktig relasjonsbyggjar.  Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen.  Personleg eignaheit vil bli vektlagt.  Vi tilbyrDu får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med: Om lag 55 dyktige kollegaer. I overkant av 300 forventningsfulle elevar. Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek. Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette. KontaktinformasjonDan-Håkon Fonstad, Rektor Sør-Fron skule, 48247994 Lisbeth Clausen, avdelingsleder, 97665350 ArbeidsstedGlasmestermoen 8 2647 Sør-Fron Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune Referansenr.: 5177178810 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 14.09.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.