Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
- Arbeidssted
- SOGNDAL, LEIKANGER, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 13. des. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Me treng fleire tilkallingsvikarar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta på Leikanger. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.
Arbeidsoppgåver:
Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
Oppfølging av ernæring
Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Datakunnskap
Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner
For stilling i heimetenesta: førarkort
Personlege eigenskapar:
Løysingsfokusert
Ha evne og interesse for eldreomsorg
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Godt fagleg miljø
Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.