Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Reinhaldsoperatør

Reinhald, Bremanger kommune

Arbeidssted
BREMANGER, SVELGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ynskjer du ein jobb der DU kan være med å gjere ein synleg forskjel kvar dag? Reinhaldsavdelinga i Bremanger kommune har ledig eit 50 % vikariat som reinhaldsoperatør, for tida ved Bremanger sjukeheim. Vi ynskjer ein engasjert og påliteleg medarbeidar som ønskjer å bidra til reine, trygge og trivelege omgjevnadar for innbyggjarar, elevar, brukarar og tilsette.  Som reinhaldar hos oss er du med på å skape eit godt miljø der innbyggjarane våre kan lære, arbeide og trivast. Vi er på jakt etter deg som er stolt av arbeidet du gjer og er klar over at godt reinhald er viktig for helse og trivsel.  Gode mogelegheiter for fast tilsetjing ArbeidsoppgåverSom reinhaldsoperatør har du ansvar for: Dagleg reinhald av bygga du er tildelt Å sikre at lokala held høg standard når det gjeld hygiene og trivsel Utføring av oppgåver i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav Halde deg fagleg oppdatert Kvalifikasjonar (overskrift)Fagbrev som reinhaldsoperatør Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje Vi ønskjer fagleg engasjerte, motiverte og sjølvstendige medarbeidarar. Du er: Positiv og serviceinnstilt Løysingsorientert Strukturert og ryddig God til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre Du må: Ha førerkort kl. B Vere innstilt på endringar Vere ryddig og strukturert Beherske norsk godt,  både munnleg og skriftleg Bidra til eit godt arbeidsmiljø Det blir gjeve naudsynt opplæring og gode vilkår for fagleg utvikling. Serviceinnstilling og personlege eigenskapar vert vektlagt. Leiinga kan gjere endringar i stillinga sitt arbeids- og ansvarsområde     Her får du spektakulær natur rett utanfor døra og eit lokalsamfunn med stort hjarte. Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her: Hjelp til å finne bustad og barnehageplass Gratis barnehage Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år. Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner) Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.  Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/    I tillegg får du: Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon. Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale Senioravtale for tilsette over 62 år   Bremanger kommune - rein, ryddig og rett og slett litt betre med deg på laget Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!    KontaktinformasjonHilde Larsen, Fagleiar Reinhald, +47 94970027 ArbeidsstadPostboks 104 6721 SVELGEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5178135550 Stillingsprosent: 50% Vikar Startdato: 30.11.2026 Sluttdato: 30.05.2027 Søknadsfrist: 27.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.