Helsesekretær/sekretær
Medisinsk serviceseksjon Førde, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Medisinsk serviceseksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % vikariat som helsesekretær/sekretær i perioden 01.12.2026 - 31.05.2027.
Vikariatet kan bli forlenga ved behov.
Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt helsesekretær/sekretær som bidreg til å skape orden og flyt i ein travel kvardag.
Du har god kapasitet til å følgje opp fleire oppgåver samtidig og trivst med både administrative arbeidsoppgåver og pasientkontakt.
Medisinsk serviceseksjon har om lag 30 tilsette som utfører sekretætenester for dei kliniske avdelingane i medisinsk klinikk: hudavdeling, medisinsk avdeling, avdeling for barn og unge, nevrologisk avdeling, revmatologisk avdeling, kreftavdelinga og fysikalsk medisinsk poliklinikk.
Vi ser fram til å høyre frå deg. Send oss søknad og oppdatert CV.
ArbeidsoppgåverArbeid i elektronisk pasientsystem (DIPS Arena)
Pasientservice
Timebestilling (poliklinikk, sengepost og venteliste)
Telefonadministrasjon
Anna førefallende pasientadministrativt eller pasientretta arbeid
KvalifikasjonarAutorisasjon som helsesekretær eller anna relevant utdanning
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskaparServiceinnstilt og imøtekommande i møte med pasientar og kollegaer
Strukturert og nøyaktig, også i ein travel kvardag
Sjølvstendig og ansvarsbevisst
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Trivst i eit tverrfagleg miljø
Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Triveleg arbeidsmiljø
Spennande og utfordrande jobb
Meningsfullt arbeid som gir personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonBelvira Omic, Seksjonsleiar, +47 995 91 403
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5208246565
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 25.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.