Sjukepleiar
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026.
Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg.
Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper.
Oppstart etter nærare avtale.
Vil du bli ein del av laget vårt? Då håpar vi at du sender oss søknaden din!
ArbeidsoppgåverDelta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg
Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar
Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå
Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta.
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparDu er strukturert
Du er ansvarsbevisst og fleksibel
Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team
Du har gode samarbeidseigenskapar
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her.
KontaktinformasjonLaila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, +47 47829022, laila.moe.winjevoll@helse-mr.no
ArbeidsstadKløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5186040953
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 30.11.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.