Barnehagelærar i 60 % fast stilling
Fyresdal Barnehage
- Arbeidssted
- FYRESDAL, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Fyresdal barnehage søkjer ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar i 60 % fast stilling, med moglegheit for utviding til 100 %.
Du får bidra til leik, læring og utvikling i eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på trygge relasjonar, fagleg utvikling og eit godt samarbeid til beste for barna.
Hva vi ser etter
Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
Gode samarbeidsevner
Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
Likar utfordringar
Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Kvalifikasjonar
Godkjend barnehagelærarutdanning
Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eventuelt minimum bestått norskprøve B2
Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert
Gode evner til å arbeide i team for barnets beste
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen
Vi tilbyr
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan gjere ein forskjell for barna.
Ein barnehage som satsar på fagleg utvikling og kompetanseheving.
Eit fantastisk uteområde og den flotte naturen rett utanfor døra, noko som gir oss unike moglegheiter for leik, utforsking, læring og gode naturopplevingar gjennom alle årstidene.
Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
Løn etter avtale
Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.