Sjukepleiar
Herøy kommune, Eggesbøtun/1:1
- Arbeidssted
- HERØY (MØRE OG ROMSDAL), FOSNAVÅG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 3. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som mottek helse og omsorgstenester?
Vi søker no ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 80 % fast stilling, med arbeidsstad for tida ved Eggesbøtun.
Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø.
Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen.
Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåverindividtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver
kliniske observasjonar, vurderingar og sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarar
handtering av akutte situsjonar og kliniske problemstillingar
følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
fagleg ansvar for legemiddelhandtering
utarbeide, evaluere og følge opp tiltaksplanar
dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk
rettleie og gi faglig støtte til kollegaer, elevar og studentar
samarbeide med heimeteneste, fastlege og andre interne og ekstrerne samarbeidspartnerar
rettleie og samarbeide med pårørande
bidra til å fremje meistring, sjølvstende og aktive kvardagar for bebuarane
Kvalifikasjonarnorsk autorisasjon som sjukepleiar
erfaring frå arbeid i sjukeheim/heildøgnsbemanna omsorgsbustad kan vere ein fordel
kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel)
har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskaparlikar faglege utfordringar og er opptatt av å utvikle gode tenester
er strukturert, sjølvstendig og evnar å prioritere arbeidsoppgåver
kommuniserer klart og tydeleg både med brukarar, pårørande og kollegaer
er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, også i krevjande situasjonar
bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen ved blant anna å motivere, rettleie og engasjere kollegaer
gode samarbeids- og relasjonseigenskapar
kan bidra til godt samarbeid på tvers av seksjonane
har fokus på heilskapleg pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyrløn etter gjeldande tariffavtale
gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
fagdag i turnus
stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og meistring
godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
digitale kurs gjennom Glup og Visma Veilederen
IA- bedrift
Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonMargrethe Djupvik, Seksjonsleiar, 90797064
ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5
6092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5194026926
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.