Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig 100 % vikariat i undervisningsstilling, frå 01.01.27 til 31.07.27.   Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.  I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.  Arbeidsstad Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2026/2027 har vi 250 elevar og om lag 40 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna.  Arbeidsoppgåver  Kontaktlæraroppgåver og undervisning på småtrinnet.   Kvalifikasjonar  - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet  - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.   Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.  I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.  Eigenskapar  Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.   Vi ser etter medarbeidarar som:  - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell  - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid  - har kompetanse i begynnaropplæring  - er framtidsretta innan digital undervisning  - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar  - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega  Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.  Ved intern tilsetting i delar av stillinga, kan det bli ledig deltidsstilling som timelærar. Vi tilbyr  - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring  - Løn etter gjeldande avtalar  For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse  Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla. Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.