Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Ulvik søkjer sjukepleiarar!

Ulvik Herad Helse- og velferd

Arbeidssted
ULVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.   Om stillinga Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt. Noko som ofte gir gode friperioder i turnusen.   Oppgåver Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering Ansvarsvakt og leiing av team Beredskapsvakt på natt Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø Samhandling med pasientar og pårørande Rettleiing av kollegaer og studentar   Kvalifikasjonar Må-krav Autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2) Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4. Ynskja kvalifikasjoner Førarkort klasse B Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste Personleg eignaheit vert vektlagt Kven ser me etter? Me ser etter deg som Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre Tek faglege vurderingar i møte med pasientar Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Me tilbyr Rekrutteringstillegg kr 12000 Årsturnus med moglegheit for påverknad Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar Ein jobb i verdas vakraste bygd Dyktige kollegaer med høg fagleg standard Hos oss får du jobbe i eit lite fagmiljø der ein samarbeider tett, deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom fagundervisning i turnus og fagdager. Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)   Kvifor jobbe hos oss? Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 40 årsverk.  Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod. Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.   Om Ulvik Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik. Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv. Meir informasjon finn du på Ulvik kommune og Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com) Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.