Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Salgs- og marknadsansvarleg - Infrastruktur

Leirvik AS

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
31. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innan brukonstruksjonar og anna  infrastruktur i aluminium. Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat. ArbeidsoppgåverKundekontakt og oppfølging av eksisterande og nye kundar Identifisere prosjekt/produkt/leveransemodellar, og delta i utviklinga av desse Marknadsføre Leirvik AS som leverandør av aluminiumskonstruksjonar Bidra i strategiarbeid og utvikling av Leirvik AS si satsing innan infrastruktur Ønska kvalifikasjonarRelevant erfaring frå entreprenør- eller prosjekteringsselskap God kjennskap til produkt, marknad og gjennomføring av prosjekt God teknisk og praktisk forståing Utdanning frå høgskule/universitet (erfaring kan kompensera for manglande utdanning) Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk Personlege eigenskaparPositiv, proaktiv og ein sterk relasjonsbyggjar God kommunikator og lagspelar Kommersiell og strategisk tilnærming Interesse for utviklingsarbeid og for å finna nye moglegheiter Vi tilbyrUtviklande og spanande arbeidsoppgåver Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø Gode velferds- og pensjonsordningar Gode moglegheiter for fagleg utvikling Konkurransedyktige vilkår KontaktinformasjonGeir Mosaker, VP Infrastructure, +47 40041685 Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910 ArbeidsstedStorhaugvegen 130 5416 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Leirvik AS Referansenr.: 5184328864 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.