Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Er du fysioterapeut ?

Kinn kommune

Arbeidssted
KINN, DEKNEPOLLEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Kinn, avdeling Måløy, har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut. Kontorstad er på Kulatoppen omsorgssenter. Som fysioterapeut vil du jobbe i team med ein fysioterapeut og to ergoterapeutar. Stillinga som fysioterapeut har fokus på helsefremjande og førebyggande arbeid retta mot innbyggarar i alle aldrar. Stillinga inneber vurdering, rettleiing og behandling. Gjennom tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og individuelt tilpassa tiltak, skal tenesta bidra til å fremje funksjon, meistring, deltaking og god helse gjennom heile livsløpet.    ArbeidsoppgåverHovudarbeidsoppgåver: Ha eit spesielt ansvar for tilbod til barn. Gjere kartlegging og vurdering av brukaren sin fysiske funksjon. Sikre gode og tilpassa treningsopplegg og bruk av systematisk verktøy. Oppfølging gruppetrening. Vere ein koordinator og sikre gode pasientforløp for brukarane som er inne til rehabilitering og korttidsopphald. Andre aktuelle arbeidsoppgåver: Samhandle tverrfagleg med øvrig personale i ulike teneste, spesialisthelsetenesta, fysio- og ergoterapi tenesta i Kinn kommune. Delta på tverrfaglege møter. Ha god dialog med heimen, heimetenesta og andre samarbeidspartar for planlegging og evt. tilrettelegging i heimen som sikrar raskare behandling og restituering. Administrative oppgåve som blant anna dokumentasjon i EPJ-system. Lymfødem oppfølging. Sikre rett bruk av hjelpemiddel, opplæring og oppfølging. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som fysioterapeut Spesialkompetanse i lymfedrenasje eller er villig til å ta dette Gode kunnskapar i norsk, både munleg og skriftleg Førarkort klasse B Gode datakunnskapar Gyldig politiattest Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar: Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert Du er ein lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Er fagleg oppdatert og engasjert Gode kommunikasjonsferdigheite og samarbeidsevne Godt humør og stå-på-vilje Er sjølvstendig og tek ansvar Målretta, strukturert og profesjonell Å vere personleg skikka blir vektlagt Er framtidsretta og har fokus på velferdsteknologi Vi tilbyrEngasjerte kollegaer og eit godt fagmiljø Fast 100% stilling på dagtid mandag – fredag Faglege utfordringar Personleg utvikling Kompetanselønssystem Tilrettelegg for kompetanseheving i tråd med tenesta sin kompetanseplan Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk God pensjonsordning KontaktinformasjonAnita Norstrand, Avdelingsleiar , 415 36 130 Katrine Holvik Skinlo, Tenesteleiar, +47 97531483 ArbeidsstadYtre Kulen 73 6718 Deknepollen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5194748272 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.