Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Helsefagarbeidar i heimetenesta, sone Sogndal

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Arbeidssted
SOGNDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
4. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar i heimetenesta, og håpar du vil bli vår nye kollega!  Me har følgjande stillingar ledig: 100 % fast helsefagarbeidar 50% fast helsefagarbeidar Som helsefagarbeidar i heimetenesta blir du  ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver.  Me er oppteken av å gi tilsette eit godt møte med tenesta og god opplæring før ein går sjølvstendig i oppgåvene sine. Dei som vert tilsett får eit opplæringsløp tilrettelagt for den enkelte. Arbeidstid: 3-delt turnus Moglegheit for arbeid 3.kvar helg eller langvakter 4. kvar helg Fleksible turnusløysingar og årsturnus Arbeidsoppgåver:  Utføre heilheitleg pleie, omsorg og behandling Observasjon, oppfølging og kartlegging av pasientar sine behov og funksjon Legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer Dokumentasjon i elektronisk journalsystem Rettleiing av lærlingar, studentar og nytilsette Bidra til kvalitetsforbetring og fagutvikling Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid Samarbeide tett med sjukepleiarar, legar, terapeutar for å sikre gode og helheitlege pasientforløp  Kvalifikasjonar:  Godkjent helsefagarbeidar med norsk autorisasjon  Ønskjeleg med relevant erfaring i kommunehelseteneste Må beherske norsk, skriftleg og munnleg  Førarkort klasse B  Personlege eigenskapar:  Er løysingsorientert og positiv  Er fagleg sterk og trygg i rolla som helsefagarbeidar – også trygg på å seie i frå om når ein treng meir opplæring Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner  Taklar ein uforutsett og variert arbeidskvardag  Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet  Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosessar.  Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.    Me tilbyr:  Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar  Gode velferdsordningar  Sterkt fagleg miljø, med eigen fagsjukepleiar og godt samarbeid med andre tenester i kommunen Løn etter tariff  Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsette får ei prøvetid på seks månader. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.