Rekrutteringstillegg på kr. 225.000,-
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal
- Arbeidssted
- KVINNHERAD, ØLVE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Heimetenester Hatlestrand /Ølve
Vi har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar på natt.
Til stilllinga føl ein rekrutteringsbonus på kr. 75.000,- over tre år med 5 års bindingstid.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.
På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.
Arbeidsoppgåver
Gje heilskapleg omsorg, pleie og støtte til heimebuande og bebuarar i bufellesskap/omsorgsbustader
Sikra trygge og gode nattevakter
Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid
Bidra til nytenking og gode løysingar i tenestene
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Har autorisasjon som helsefagarbeidar
Er fagleg engasjert og oppteken av god kvalitet i tenestene
Har omsorgsevne, ansvarskjensle og evne til å arbeida sjølvstendig
Samstundes er du ein god lagspelar som bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Har gjerne godt humør og liker å skapa tryggleik også om natta
Vi tilbyr
Ein meiningsfull og samfunnsviktig jobb
Varierte arbeidsoppgåver i heimeteneste og bufellesskap
Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, samarbeid og trivsel
Gode høve for fagleg utvikling
Gode ordningar i Kvinnherad kommune
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
Flytteutgifter etter nærare avtale
Gratis SFO for 1. - 3. klasse
Søskenmoderasjon i barnehage
Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring
Praktisk informasjon
Tilsetjing snarast.
Kvinnherad kommune har søkt om og fått 30 millionar kroner til å låna ut til dei som skal etablera seg for første gong. Les meir om dette her: Startlån
Kommunen har tomter for sal i Dalsjøen byggefelt.
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.
Vil du bli vår nye kollega?
Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.