Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Dataetterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaVi søkjer deg med politibakgrunn som ønskjer å bidra innan datatekniske undersøkingar og digital sporsikring. Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell, og som kan tenke seg å inngå i eit kreativt og høgt kompetent fagmiljø av spesialistar med både politi- og sivil bakgrunn i Møre og Romsdal politidistrikt. Avsnitt for digitalt politiarbeid har som primæroppgåve å utføre datatekniske undersøkingar for politiet i samband med straffesaker, samt å gjennomføre avansert innsamling, analyse og dokumentasjon av digitale spor i heile Møre og Romsdal. Som ein del av avsnittet vil du gjennom å bruke di digitale kompetanse vere med på å etterforske alvorlege straffesaker.  Vi har eit tett samarbeid med nasjonalt cyberkrimsenter (NC3) på KRIPOS, og deltar også inn i nasjonale og regionale fagfora. Stillinga er stadsplassert i Ålesund, og er underlagt felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE). Noko reiseverksemd må påreknast. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarVi ser etter deg som er interessert i å møte teknologiske utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet. Du opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere nærverande, lydhøyr og å byggje tillit er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåversikring, analyse og tilrettelegging av digitale spor frå ulike lagringsmedier og sporstadar bruk av internett som etterforskningsarena halde deg oppdatert innanfor fagfeltet gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt vere ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet andre oppgåver kan bli pålagt KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert: fullført og bestått politi(høg)skule god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk gode IT-kunnskapar studia NCFI nivå 1 og 2A innan digital forensics ved Politihøgskolen, eller pårekne å måtte gjennomføre dette etter tiltreding i stillinga plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet. Det er også ønskjeleg med fleire NCFI-studium ved Politihøgskolen  erfaring med sikring og analyse av digitale spor fagbrev eller høgare utdanning innan IT dataverktøykurs - digital forensics som Cellebrite, Axiom mv. erfaring med bruk av analyseverktøy som X-ways Forensics, Cellebrite mv. erfaring frå etterforsking erfaring med Linux, MacIntosh og Windows kunnskap innan operativ- og filsystemer, nettverks- og/eller trådlausteknologi, utsortering av beslagsfritt materiale, sikring av data fra skytjenester, dataanalyse, kryptering, virtualisering og kryptovaluta  For å kvalifisere til stilling som politioverbetjent/spesialist, må du ha tre års erfaring innan fagområdet datatekniske undersøkingar studia NCFI 1 og 2A. Anna relevant utdanning innan IT eller lang relevant erfaring kan kompansere for kravet. Personlege eigenskaparnysgjerrig på ny teknologi løysings- og utviklingsorientert   initiativrik evne til å jobbe sjølvstendig med god gjennomføringsevne omgjengeleg og ein god relasjonsbyggar Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel osseit levande tekmiljø med gode utviklingsmoglegheiter fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter:politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000 politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000 politioverbetjent (stillingskode 0287), frå kr. 700 000 til kr. 780 000 brutto per år ved innfridde kvalifikasjonskrav for politioverbetjent godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell beredskapsteneste medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.  gode arbeidsvilkår som dagtidsarbeid, fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.  Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.  Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.