Småbarnas superhelt – Vikariat i Vassenden barnehage
Vassenden Barnehage Sa
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, VASSENDEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vassenden barnehage søkjer ein aktiv og engasjert medarbeidar til 100 % stilling på småbarnsavdeling, vikariat med moglegheit for fast jobb. Hos oss er leiken hjartet i kvardagen. Vi ønskjer ein vaksen som deltek og utforskar med barna – ute og inne, med humor og glede.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
trivast med ein aktiv og variert kvardag, du ynskjer å vere ein viktig vaksen for dei yngste barna.
Du:
møter barna med varme og forståing, samtidig som du er tydeleg og set trygge grenser
held roa når barn treng trøyst, protesterer eller treng ekstra støtte
tek initiativ og deltek aktivt i leik og aktivitet
trivst ute i all slags vêr
bruker humor i arbeidet og bidreg til glede og godt humør
samarbeider godt, tek imot rettleiing og deler viktig informasjon
er påliteleg, møter presis og tek ansvar for oppgåvene dine
trivst med ein fysisk arbeidsdag og kan vere tett på barna på golvet, i garderoben og ute på tur
Relevant utdanning eller erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Det viktigaste er at du er motivert, lærevillig og personleg eigna til å arbeide med små barn.
Vi ønskjer mangfald i personalgruppa og oppmodar både menn og kvinner til å søkje.
Arbeidsoppgaver
På Trollungane arbeider du med barn i alderen 1-2 år. Arbeidsdagen krev at du er tett på barna: Du må kunne sitje på golvet og delta i leiken, hjelpe med måltid, bleieskift, søvn og påkleding - og vere med ut i all slags vêr.
Dette skal du gjere:
ta imot barn og foreldre på ein trygg og god måte
delta aktivt i leik, aktivitetar og turar i nærmiljøet
hjelpe barna med måltid, bleieskift, søvn og påkleding
sjå behova til barn som enno har lite språk
støtte barna i samspel, vennskap og leik
førebu enkle aktivitetar tilpassa dei yngste
samarbeide med foreldre og kollegaer og bidra til orden på avdelinga
Vi ønskjer ein medarbeidar som tek aktivt del i aktivitetane saman med barna.
Vi tilbyr
Dette tilbyr vi
eit 100 % vikariat med moglegheit for fast stilling
løn etter utdanning og ansiennitet i samsvar med gjeldande PBL-tariffavtale
pensjons- og forsikringsordningar gjennom PBL
ein variert arbeidsdag med leik, uteliv og aktivitet
kollegaer som samarbeider og hjelper kvarandre
høve til å påverke aktivitetane og leikemiljøet på avdelinga
Arbeidstida varierer etter arbeidsplan innanfor tidsrommet kl. 06.30-16.45 . Barnehagen har ope frå kl. 06.45 til 16.45.
Tilsetjing føreset at du legg fram godkjend politiattest før du tek til i stillinga.
I Vassenden barnehage arbeider vi for at både barn og vaksne skal vere GLADE OG TRYGGE SAMAN.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.