Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeidar, miljøarbeidar, miljørettleiar eller assistent - Hovden skule

Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune

Arbeidssted
ØRSTA, HOVDEBYGDA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
18. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ørsta kommune har frå 01.01.2027 ledig ei 90 % fast stilling som assistent, barne- og ungdomsarbeidar, miljøarbeidar eller miljørettleiar ved Hovden skule og SFO. Tilsetting vil medføre arbeid i ferie-SFO. Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering. Hovden skule er ein 1.-7. skule med omlag 120 elevar og 20 tilsette. Den ligg fint plassert i Hovdebygda, med nydleg natur rundt seg. ArbeidsoppgåverArbeide med elevgrupper og enkeltelevar i skule Vere ein del av grunnbemanninga på SFO og ferie-SFO Gjennomføre aktivitetar, planlagt av, og under rettleiing av pedagog Arbeide for eit godt samarbeid med born, tilsette og føresette KvalifikasjonarVi søkjer først og fremst barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev eller miljørettleiar med relevant 3-årig høgare utdanning Søkjarar med erfaring frå liknande arbeid vil også kunne vere interessante for stillingane God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11 Personlege eigenskaparVi ynskjer at du: Har høg relasjonskompetanse Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson Har eit positivt elevsyn og vektlegg inkludering av born med særskilte behov Tek i mot rettleiing og er lojal mot våre rutinar Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju. Vi tilbyrEin spanande, variert og meningsfylt arbeidskvardag der elevane si læring og utvikling står i sentrum Eit godt arbeidsmiljø Gode forsikrings og pensjonsvilkår: Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring  på fritida.  Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing. Arbeidsvilkår: Stillinga er plassert i kap. 4 Stillingskode 7517 - Barne- og ungdomsarbeidar, 6685 - Miljørettleiar, 6684 - Miljøarbeidar, 6572 - Assistent Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk Prøvetid Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Intern søkjar Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltidstilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14. Dokumentasjon  Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar. Om offentleglova Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonAnnelin Wangen, Rektor, 91 24 84 76, annelin.wangen@orsta.kommune.no ArbeidsstadSkulevegen 6 6160 Hovdebygda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5184432351 Stillingsprosent: 90% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.