Pedagogisk leiar/barnehagelærar
Sveio kommune
- Arbeidssted
- SVEIO, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaSveio barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar frå 04.01.2027.
Barnehagen er kommunal og ligg sentralt til, med kort veg til skog, hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, kjøpesenter og Salamanderparken. Vi har tre avdelingar med om lag 49 barn i alderen 1–6 år.
Visjonen vår er: «Robuste barn meistrar livet.»
Vi legg vekt på natur, berekraft og kosthald. Personalet er aktivt og engasjert, og har høg kompetanse og lang erfaring. Vi samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skule og ungdomsskulen, og tek jamleg imot studentar og elevar.
Språk er eit av satsingsområda våre, og vi arbeider målretta og systematisk med språkstimulering i kvardagen.
Arbeidsoppgåversetje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
planlegge, gjennomføre og dokumentere aktivitetar
vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
planlegge pedagogiske aktiviteter som fremjer barnas læring og utvikling
sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
utvikle og implementere det som kommunen og barnehagen til ei kvar tid har som tema og satsingsområde i samarbeid med styrar/einingsleiar
rettleie personalet for å få ei pedagogisk heilhetlig forståing i personalgruppa
godt foreldresamarbeid
tverrfagleg samarbeid, prosjektarbeid og utviklingsarbeid
du får det pedagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen
Kvalifikasjonargodkjend treårig barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning som kvalifiserer til arbeid som pedagog i barnehage
norsk er arbeidsspråket i barnehagen, og du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
det er krav om tilfredsstillande politiattest, jf. barnehagelova § 30
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir lagde stor vekt på. Korleis du er som person er det viktigaste for oss. Du skal inn i ei personalgruppe som vil kvarandre vel og som samarbeider på tvers av avdelingane til det beste for barna. Barna kjem alltid først.
er ein varm, tydeleg og trygg vaksen for barna
er motivert, kreativ og har godt humør, med evne til å undre seg saman med barna
har god relasjonskompetanse og omsorgsevne, og skaper gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
har gode leiar- og samarbeidsevner, og er fagleg trygg
ønskjer å bidra til vidareutvikling av barnehagen og delta aktivt i endringsprosessar
arbeider sjølvstendig, er løysingsorientert og viser fleksibilitet i kvardagen
har god forståing for planleggings- og evalueringsarbeid
trivst med friluftsliv og med å vere ute i all slags vêr
er ein tydeleg og god rollemodell for både barn og vaksne
Vi tilbyrvariert arbeid i eit positivt og utviklande miljø saman med i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
arbeid saman med engasjerte kollegaer som framsnakkar kvarandre og som ønskjer at du skal trivast og lukkast
ein meiningsfull jobb og utfordringar som vil gi deg meistring og motivasjon
faglege utfordringar der du er i utvikling som fagperson og som du får vere med å påverke og utvikle
god opplæring saman med dyktige kollegaer og samarbeid med andre
det er venta at vi i august 2028 skal vi inn i nybygg
gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
eit fagmiljø i stadig utvikling
løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.