Overlege psykiatri
Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ny kollega! DPS Vegsund døgnseksjon har ledig 100 % fast stilling for overlege innan voksenpsykiatri
Som overlege i vår seksjon blir du ein del av eit tverrfaglig behandlingsteam med 2 overlegar (spesialistar i psykiatri), 1 psykologspesialist, 1 psykolog, legar i spesialisering innan psykiatri, psykiatrisk sykepleiere, fysioterapeut mfl.
DPS Vegsund døgnseksjon har ansvar for pasientar i Møre og Romsdal. Det er omlag 50 000 innbyggar som sokner til vårt DPS. Vi har pr i dag 17 døgnplassar, der to av plassane er brukarstyrte plassar. Pasientgruppa er vaksne over 18 år med psykiske lidingar som psykose, affektive lidingar, depresjonar mm.
Vi tek imot både elektive innleggingar frå kommune og spesialisthelsetenesta samt overføringar frå sjukehuset. Vi følge også opp pasientar på TUD.
Stillinga inneber ansvar for begge typer pasientar, og vil gi ei brei erfaring med ei rekke psykiatriske problemstillinger. I seksjonen har vi legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5.års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen.
Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på eit godt arbeidsmiljø og at seksjonen vår er ein hyggeleg stad å jobbe. Vi tilstreber at spesialistane samarbeider omkring pasientane, og det er lav terskel for tverrfaglege diskusjonar i vår team. Vi arbeider aktivt med miljøterapi med pasientane og tilstreber å ha eit godt samarbeid internt og eksternt.
Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!
ArbeidsoppgåverDiagnostisk utgreiing og behandling
Individuell og tverrfagleg behandling
Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
Internt samarbeid og rettleiing
Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
Pårørandesamtalar
Samarbeid med miljøpersonalet om miljøterapeutiske tiltak
Psykoedukasjon for pasientar og pårørande
Deltaking i bakvaktsordning for overlegar
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege
Lege som er spesialist innan voksenpsykiatri
Lege som er i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri kan og vere aktuell for stilling
Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Erfaring frå undervisning- og rettleiingsverksemd
Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing
Personlege eigenskaparDu har god språkleg framstillingsevne
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
Du har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse
Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver, sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen
Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Du har sans for ein diskusjon og har ein god porsjon humor
Du må ha god fysisk og psykisk helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonSiw K. Kringstad, Seksjonsleiar, +47 957 84 240, Siw.K.Kringstad@helse-mr.no
ArbeidsstadVegsundvegen 68
6020 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5204833888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.