Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du jobbe helg på natt på ein arbeidsplass med varme, vekst og fagleg utvikling?

Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. des. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
5

Stillingsdetaljer

Luranetunet bu- og behandlingssenter søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – natt. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.  Kvifor velje Luranetunet? Du får jobbe tverrfagleg og bli kjent med alle avdelingar – noko som gir brei erfaring og fagleg utvikling. Vi har fokus på kommunikasjon og miljøarbeid, og ser personen bak sjukdommen. Du blir del av eit fellesskap som jobbar for utvikling og vekst i samspel – vår visjon.  Arbeidstid og stillingsstorleik Arbeid på helg: fredag, laurdag og søndag. Turnusordningar: tredje kvar helg. Stillingsstorleik ca. 28 % Kven ser vi etter? Du har helsefagleg utdanning, er under utdanning eller vurderer kanskje helsefagleg utdanning. Ønskeleg med erfaring frå nattarbeid Du må du vere fylt 18 år. Du har interesse for å jobbe med menneske  Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Personlege eigenskapar blir vektlagt. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet  Politiattest må leggjast fram. Om arbeidsstaden Luranetunet ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar – inkludert tilrettelagte avdelingar for personar med demens. Vi har eigne nattevaktlag knytt til dei ulike avdelingane. Vi har ein unik tropehage på 1300 m² – eit varmt og levande samlingspunkt for bebuarar, pårørande og tilsette.  Vi er ein utdanningsinstitusjon med studentar, lærlingar og vi har eigne sjukeheimslegar. Som helsepersonell på natt må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.  Vi tilbyr God opplæring og rettleiing Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar under relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning . Tillegg på årslønn for arbeid på natt Studentar som blir tilsett i minimum 13 % stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før Gode pensjons- og forsikringsordningar Fokus på heiltidskultur Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Søknadar blir vurdert fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Søknadar blir vurdert fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta. Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)  Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.