Avdelingsleiar yrkesfag
OPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- VOSS, SKULESTADMO, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og forme framtida og utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?
Voss vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Avdelingsleiar deltar i rektor si leiargruppe og har pedagogisk, personal- og økonomiansvar for avdelinga. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar skal fullføre, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.
Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 450 elevar og om lag 130 tilsette fordelt på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagt opplæring. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli det beste moglege. Skulen har mange ambisjonar og har som mål å vere mellom dei leiande skulane innanfor programområda vi tilbyr. Ved Voss vgs har vi fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på heimesida vår.
ArbeidsoppgåverAvdelingsleiar
har personalansvar og økonomi- og budsjettansvar for avdelinga
sørgjer for god fagleg-pedagogisk utvikling og god kvalitet på undervisninga på avdelinga
ivaretar samarbeid med arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
utviklar avdelinga i samsvar med mål og visjon for skulen
deltar i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa
KvalifikasjonarDu har
undervisningskompetanse i fag for vidaregåande skule
god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
god skriftleg og munnleg framstillingsevne og god digital kompetanse
erfaring med administrative program innanfor t.d. skuleårsplanlegging og økonomistyring
Det er ønskjeleg at du har skuleleiarutdanning og/eller -erfaring
Personlege eigenskaparMe søkjer ein leiar som
er open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
trivst med varierte arbeidsoppgåver og eit høgt tempo
Vi tilbyreit profesjonsfellesskap med høg fagleg kompetanse og sterkt elevfokus
løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.KontaktinformasjonMagnhild Hakestad, Rektor, 97737676, magnhild.hakestad@vlfk.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5188188969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.