Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut, Kinn psykisk helse og rus avdeling Måløy

 Kinn kommune

Arbeidssted
KINN, MÅLØY, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle delar av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Vi bistår blant anna med samtaleoppfølging og miljøterapeutisk oppfølging til personar heimehøyrande i kommunen. Vi arbeidar brukarnært og mange av dei personane vi føl opp treng tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.  Dei tilsette i avdelinga har stor grad av fagleg kompetanse og er opptekne av å yte gode tenester. Vi arbeidar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler. Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt til avdelinga vår. Stillinga er ei turnusstilling med arbeid på dag, kveld, i langvakter og på helg.   Snarlig tiltreding til 05.12.27 med mulighet for forlengelse. ArbeidsoppgåverAmbulant oppfølging i tenestemottakarane sine heimar og nærmiljø. Miljøterapeutisk arbeid med fokus på meistring og recovery. Relasjonsbygging og motiverande arbeid. Kartlegging, oppfølging og evaluering av tiltak. Individuell oppfølging og koordinering av tenester. Samarbeid med aktuelle samarbeidspartar og pårørande der det er aktuelt. Dokumentere og arbeide i relevante fagsystem. Arbeide både sjølstendig og i team. Bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen. Kvalifikasjonar3-årig relevant høgskuleutdanning. Gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus. Førarkort klasse B. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskaparVi søkjer deg som er målretta, strukturert, tek ansvar og er fleksibel. Du må trivast med ambulant arbeid, relasjonsbygging, ha tru på recovery og ressursane hjå den einskilde. Du må bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø. Du må trivast med varierande arbeidsdagar og kunne stå i utfordrende situasjonar, samt ynskje nytenking og endring.  Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Du har gode samarbeidsevner og du klarar å jobbe godt sjølvstendig. Vi tilbyrTurnusstilling i årsturnus God pensjonsordning Kompetanse lønnsstige Engasjerte kollegaer, eit godt fagmiljø og arbeidsmiljø Intern opplæring og rettleiing  KontaktinformasjonStine Aase Myhre, Avdelingsleder Måløy, 97180923, stine.aase.myhre@kinn.kommune.no Erik Onstad, Tenesteleiar Kinn psykisk helse og rus , 41534967, erik.onstad@kinn.kommune.no ArbeidsstadGate 1 64 6700 Måløy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5177132435 Stillingsprosent: 100% Vikar Sluttdato: 05.12.2027 Søknadsfrist: 16.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.