Barnehagelærar/pedagogisk leiar
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
- Arbeidssted
- LUSTER, SKJOLDEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du bli ein del av eit lite og nært oppvekstmiljø? Skjolden oppvekstsenter søkjer engasjert pedagog som har lyst til å vere med og skape ein trygg og aktiv kvardag for barna i barnehagen. Her får du arbeide tett med barna, kollegaene og nærmiljøet - på eit lite og inkluderande oppvekstsenter med 24 elevar på 1.-6.trinn og inntil 36 barnehageplassar.
Me trur at små miljø kan gje store moglegheiter. Her kjenner me kvarandre godt og samarbeider på tvers av alder og avdeling. Me brukar også naturen og nærmiljøet aktivt i kvardagen.
Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga vart ombygt og utvida framfor dette barnehageåret. Det er no areal til to barnehageavdelingar, det er nytt kontor, nytt personalrom, nye garderobar og eige vognskur.
Ved Skjolden oppvekstsenter får du:
ein arbeidskvardag der du får bruke og utvikle den pedagogiske kompetansen din
tett samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
høve til å vere tett på barna og gjere ein forskjell
bruke naturen og nærmiljøet aktivt i opplæringa
eit flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane
kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg
utsikt over Lustrafjorden og naturen rett utanfor døra
Stillingsinformasjon
Ledig fast 100 % stilling som barnehagelærar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.11.2026
Ledig fast 100 % stilling som pedagogisk leiar ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.01.2027
Menn er underrepresenterte i barnehagen og blir difor oppmoda om å søkje
Kvalifikasjonskrav
Godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna utdanningsbakgrunn som er likeverdig med barnehagelærarutdanning, jf. uttale frå Utdanningsdirektoratet
God munnleg og skriftleg norsk, jf. barnehagelova § 28
Har du anna førstespråk enn norsk, svensk eller dansk og mindre enn fem års erfaring i norsk barnehage/skule, må du dokumentere bestått språkkrav: A2 skriftleg og B1 munnleg
God IKT-kompetanse
Godkjent politiattest (må leverast før oppstart)
Personlege eigenskapar
Omsorgsfull og glad i å arbeide med barn
Eit reflektert pedagogisk grunnsyn
Trivest med å vere ute og bruke naturen som læringsarena
Vere fleksibel, løysingsorientert og positiv
Ein god rollemodell med gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
Me kan tilby
Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.