Helsefagarbeidar
Herøy kommune, Myrvåg omsorgssenter seksjon A
- Arbeidssted
- HERØY (MØRE OG ROMSDAL), GURSKØY, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 14. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining?
Myrvåg omsorgssenter seksjon A, søkjer etter ein helsefagarbeidar til 80% fast stilling for tida organisert med arbeid kvar tredje helg i tredelt turnus. Hovudtyngda av arbeidsvakter er organisert med dag, aften og langvakter på 12,5 timar. Arbeidsstad vert ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A fram til 30.08.2027. Vidare kan arbeidsstad for stillinga verte ved seksjon A eller ein annan seksjon i avdeling pleie og omsorg. Stillinga er ledig frå 01.12.2026
Ved Myrvåg omsorgssenter seksjon A, møter du eit inkluderande arbeidsmiljø som tek vare på kvarandre. I det daglege arbeidet møter du faglege utfordringar, kollega med høg fagkompetanse og tverrfagleg samarbeid.
Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar og høyrer til avdeling pleie og omsorg i sektor helse og meistring:
seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining)
seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald
Arbeidsoppgåverpleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid)
utarbeide og følge opp tiltaksplanar
dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonarnorsk autorisasjon som helsefagarbeidar
erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapartek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
har fokus på heilskaplege pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyrløn etter gjeldande tariffavtale
gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
elektroniske kurs gjennom Visma Veilederen og Glup
fagdag i turnus
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonAnna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478
ArbeidsstadÅsvegen 13
6080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5182851380
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.