Helsefagarbeidar
Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna permisjonar og vakanse ledig 60 % stilling på natt som helsefagarbeidar. Stillingsprosent kan aukes etter dialog. Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskap. Bufellesskap har 10 plassar for personer med kognitiv svikt. Helsefagarbeidar stillinga er pt. innplassert i arbeidsplan med nattevakter og med arbeid kvar 3. helg. Vi har årsturnus. Oppstart etter avtale.
Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.
Bufellesskap er samlokalisert med sjukeheim, dagaktivitetssenter, heimetenester, storkjøkken og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya.
Helsefagarbeidarstillinga er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene.
ArbeidsoppgåverSikre at bebuar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
Legemiddelhandtering.
Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
KvalifikasjonarFagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider)
Relevant erfaring er ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
Beherske IKT-verktøy
Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
Personlege eigenskaparVi søkjer fagarbeidar med interesse for teamarbeid, som evnar å være med i ulike endringsprosessar.
Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
Sjølvstendig og samarbeidsorientert
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Nytenkande og endringsvillig
Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyrEin interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
Pensjonsordning i henhold til tariff
Bedriftshelsetjeneste
IA bedrift
Gratis parkering for bil
KontaktinformasjonRenate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, Renate.Finnoy@alesund.kommune.no
ArbeidsstadAustrevegen 15
6296 Harøy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5188182975
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.