Undervisningsinspektør
Skule, Kinn kommune
- Arbeidssted
- KINN, FLORØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker etter undervisningsinspektør i 100% stilling. Florø ungdomsskule har 400 elevar i 15 klassar og 78 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering, og for Individuelt tilrettelagt opplæring. Det vert lagt vekt på kontinuerlig profesjonsutvikling og felles utviklingsprosjekt, for tida "Tid for lesing". Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping, og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeidar vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i norsk, engelsk og matematikk. Teknologi er eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomsskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar som engasjerar og inkluderar. Skulen har eit eige skulemiljøteam.
Vi søkjer etter ein engasjert undervisningsinspektør med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.
ArbeidsoppgåverSom undervisningsinspektør:
er du pedagogisk leiar for læringsmiljøet på trinn, med oppgåver knytt til fagleiing, personal, kartlegging og rapportering.
får du tildelt særskild leiaransvar for Individuelt Tilrettelagt Opplæring (ITO) og Særskilt språkopplæring.
vil du være sentral i arbeidet med læringsmiljø, fagutvikling og profesjonskultur.vil du være deltakar i skulens leiarteam.
vil du kunne få systemansvar på digitale fagsystem, vere med å forvalte vikarordning mm
bidreg du i kommunens nettverk for leiarar i oppvekstsektoren.
har du klare tankar om pedagogisk leiing og korleis du vil bidra til at slike tankar vert omsett til praksis.
vil du kunne fronte eit ressursperspektiv på menneske og tillitsbasert læringsleiing.
har du eit engasjement og interesse for tverrfagleg arbeid for barn og unge.
bidreg du til optimal ressursbruk og bærekraftig økonomistyring
Det kan bli lagt inntil 50% undervisning til stillinga. Den som blir tilsett må ha undervisningskompetanse tilsvarande kompetansekrav på ungdomstrinnet.
KvalifikasjonarØnskjelege kvalifikasjonar:
lærarutdanning/ leiarutdanning, gjerne tilsvarande masternivå
leiarerfaring
erfaring fra grunnskule, helst ungdomstrinn
erfaring med sakshandsaming
kjennskap til relevant lovverk og sakshandsaming, spesielt knytt til Opplæringslova kapittel 11.
kjennskap til relevante fagsystem
relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing
Personlege eigenskaparEvne til profesjonsetisk refleksjon
Initiativrik
Stor arbeidskapasitet
Gode samarbeidsevner
Vi tilbyrGode løns-og pensjonsvilkår
Tilgang til god kompetanseutvikling
Eit spanande og dynamisk kollegium!
KontaktinformasjonJan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, 91586981
Kari Vårdal, Rektor Florø ungdomsskule, +47 97089809
ArbeidsstadHavrenesvegen 4
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5180697592
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 29.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.