Tilkallingsvakt arrangement
Støttekontakt –Kultur, Klepp kommune
- Arbeidssted
- KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 4
Stillingsdetaljer
Klepp kommune ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar. Kommunen har 21 000 innbyggarar. Landskap og natur i kommunen er prega av eit bølgande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender mot storhavet. Kommunen har et flatemål på 115 km2 og ligg sentralt på Jæren med korte avstandar internt og til nabokommunar.
Kommunen er organisert i fem hovedområder; samfunn og kultur, økonomi, felles tjenester, barn og unge og helse og velferd.
No står nye Plogen kulturhus klart for innflytting, med bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, kulturskule, kafé og kultursal. Klepp får ein splitter ny og moderne kultursal, tilrettelagd både for det frivillige kulturlivet og for profesjonelle produksjonar. Me satsar på å få til ein sal med høg aktivitet, eit variert, spanande og mangfaldig program og ikkje minst høg deltaking frå gode kulturkrefter i regionen.
Klepp kommune søkjer tilkallingsvakter til arrangement som vil bidra til at Plogen kulturhus blir ein aktiv og inkluderande møteplass for heile Klepp. Du får ansvar for at publikum blir tatt i mot på ein god måte, både når det gjeld arrangementsavvikling og sikkerheit. Arbeidsmengda vil variere og arbeidsoppdrag vil skje ved tilkalling.
ArbeidsoppgåverPraktisk gjennomføring av arrangement
Billettkontroll og publikumsrettleiing
Sal av bar- og kioskvarer
Klargjering og rydding før og etter arrangement
Opning og stenging av kultursalen
Oppfølging av tryggleiks- brann og beredskapsrutinar
Enkle tekniske oppgåver etter opplæring
Samarbeid med arrangørar, artistar og kollegaer
Rettleing av frivillige arrangementsvertar
KvalifikasjonarHar fylt 18 år
Har gode munnlege kommunikasjonsevner på norsk
Er fleksibel og kan arbeide på kveldstid og i helgar
Har interesse for kultur, arrangement og publikumsarbeid
Handterer uventa situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
Kan handtere enkle riggeoppgåver
Har grunnleggjande digitale ferdigheiter
Personlege eigenskaparEr serviceinnstilt og trivst med kontakt med menneske
Har gode samarbeidsevner og ei positiv innstilling
Er påliteleg, ansvarsmedviten og kan arbeide sjølvstendig
Vi tilbyrEit spanande tverrfaglig miljø og moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga av kommunen sitt kulturliv
Varierte og utfordrande oppgåver
Lønn etter tariff
Gode forsikrings- og pensjonsordninga (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
Gratis parkering
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
KontaktinformasjonAndre Foldøy, Leder, +47 91112011
ArbeidsstadSolavegen 1
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5207255314
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 27.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.