Matros Leirvåg-Sløvåg
Fjord1 - Maritim Drift
- Arbeidssted
- AUSTRHEIM, FONNES, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søker etter ein matros til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.
På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i ein periode på 3 veker. Deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.
Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
ArbeidsoppgåverUtfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
Oppgåver knytt til alarminstruks
Verne- og miljøarbeid
Kundehandsaming
KvalifikasjonarFerdighetsertifikat eller nok fartstid til å mønstre matros
Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
Krise- og passasjerhandtering
Gyldig helseerklæring
Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Personlege eigenskaparVi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.
Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjømannsforbund.
Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.
Reise er ikke dekket.
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedFv57
5953 Fonnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5191877900
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.