Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du bidra til godt læringsmiljø og gode resultat på skulen vår?

Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nore Neset ungdomsskule har frå 01.01.2027 ledig 100 % fast stilling som konsulent. Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat på skulen vår, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Arbeidsstad Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 464 elevar og om lag 65 tilsette. Vi held til i eit flott skulebygg frå 2014 og har eit topp moderne idrettsanlegg like ved. Du kan lese meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no  Arbeidsoppgåver Stillinga krev god digital kompetanse og evne til å utvikle og vedlikehalde gode administrasjonsrutinar. Arbeidsoppgåvene er knytt til sakshandsaming i datasystem for sak og arkiv, bruk av ulike dataprogram for elevregistrering, ansvar for innkjøp, utleige, lønsregistrering, betening av sentralbord og førefallande kontorarbeid. Stillinga vil og innebere aktiv deltaking i vedlikehald av HMS-system. Kjennskap til budsjett og rekneskap er ein fordel. Kvalifikasjonar - Formell kompetanse på høgskulenivå er ønskjeleg, men ikkje eit krav - Gode digitale ferdigheiter - Erfaring frå liknande arbeid - Personlege eigenskapar vil bli vektlagt - Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune.  I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale. Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla. Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen. Kontaktperson: Vivi Irene Fosse vifo@bjornafjorden.kommune.no Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.