Psykologspesialist
Rus- og avhengigheitsklinikken/ Kvinneposten Tertnes, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, TERTNES, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ein sengepost, Kvinnepost Tertnes og eit poliklinisk/ambulant team. Ved seksjonen jobbar psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi har også nevropsykolog knytt til seksjonen, som er tilgjengeleg for drøfting i ugreiingssaker, og som utfører nevropsykologiske testar etter avtale med psykolog og pasient. Vi jobbar tverrfagleg og alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga.
Vi har no ledig eit vikariat i 100% stilling som psykolog frå januar til 31. juli på Kvinneposten Tertnes.
Kvinneposten har 15 sengeplassar for frivillig behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Ein vil jobbe med kartlegging, utgreiing og behandling av rus- og psykiske lidingar i samarbeid med andre behandlarar og miljøpersonale.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg ut frå eit obligatorisk behandlingsprogram, blant anna beståande av gruppeterapi, individualterapi, treningsterapi og miljøterapi.
Vi søker psykolog som trivst med teamarbeid, verdset tverrfagleg tenking, har gode kommunikasjonsferdigheiter. Det er ein fordel å ha erfaring med pasientgruppa. Psykologen vil inngå i psykologfagleg team i seksjonen. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
ArbeidsoppgåverKartlegging, utgreiing og behandlig av rusavhengige
Samhandling med samarbeidspartar internt og eksternt
Delta i det tverrfaglege arbeidet ved posten
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som psykolog
Erfaring med arbeid innan rusbehandling/psykisk helsevern og utgreiing/kartlegging
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskaparDu bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø hvor samhandling er en nøkkelfaktor
Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
Du arbeidar målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Du er fleksibel og toler at arbeidskvardagen i døgnrammer fort kan endre seg
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyrHøgt fagleg nivå
Godt arbeidsmiljø
Fagleg og personleg utvikling
Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonTrude Larsen, Leiar, 98800425
ArbeidsstadTertnesveien 35
5113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5198926565
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.01.2027
Sluttdato: 30.07.2027
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.