Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar

Legar gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein av 8 Leger i spesialisering på føde- og gyn. i Ålesund? Vi har no eit ledig vikariat på 6 mnd., med oppstart frå snarast. Seksjon for legar, gynekologi er ein del av Avdeling for kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering. Det er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingane i vår avdeling, f.eks. risikograviditetar frå svangerskapsveke 26 og vi utfører mange typar gynekologiske operasjonar. Dette gir lærerike og varierte arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje stor nok mengde pasientar som avdelingar ved universitetssjukehus. Du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling, operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling for å fullføre spesialistutdanninga. Storleiken på avdelinga gjer at overlegar og LIS jobbar tett saman. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar nært anna sjukehuspersonell på heile sjukehuset. I 2025 hadde vi 9142 polikliniske konsultasjonar og 1219 fødslar. Vi er pr d.d 10 spesialistar og 8 LIS2/3 i avdelinga. To av overlegane har PhD og endå ein overlege held på med PhD. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! ArbeidsoppgåverArbeidskvardagen inneheld bl.a. visittgang ved gynekologisk sengepost og føde/barsel. Det er dagleg poliklinisk aktivitet med både gynekologisk og obstetrisk poliklinikk. Vi har pasientar ved kreftavdelinga og kreftpoliklinikken vi ser til. Det er også mykje operativ aktivitet både ved operasjonsavdelinga og dagkirurgisk eining. Vi har pr d.d planlagte operasjonar fire dagar i veka ved sentraloperasjon og ein dag i veka ved dagkirurgisk eining Legar i spesialisering går pr d.d 8-delt vakt. Vaktdøgnet er delt i to på kvardagane, medan det i helga er døgnvakt. Nattevakt på kvardagar strekker seg fra kl 15.00 til kl. 09.00 neste morgon. Fredagar startar nattevakta kl 14.30. I helgane varer vaktdøgnet frå 08.30 den eine dagen og til 09.00 neste dag LIS har tilstadevakt, grunna nasjonal føring «Eit trygt fødetilbod» har også bakvakt tilstadevakt for å vere i rask nærleik i dei tilfella kompetansen til vakthavande LIS-lege ikkje strekker til KvalifikasjonarMeistre godt norsk, både skriftleg og munnleg Norsk autorisasjon som lege Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning Personlege eigenskaparDu er strukturert og nytenkjande Du er arbeidssam, teamorientert men også sjølvstendig Du er dyktig i jobben med fagleg engasjement og gode digitale evner Du er positiv, triveleg og rask til å setje deg inn i nye ting Du synest at akutte situasjonar til alle døgnets timar er forlokkjande Vi oppmodar og menn til å søkje Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonLena Elisabet Huttner, Seksjonsleiar, Lena.Huttner@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5203026205 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 15.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.