Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fast stilling på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Har DU lyst på nye utfordringar?  Er du student innan helsefag? Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. Vi har ledig 14% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale.  Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. ArbeidsoppgåverFølge opp pasientar sin behandlingsplan Bygge relasjonar til pasientane Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø Praktiske oppgåver Ansvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar) Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar) Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar) KvalifikasjonarStudentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg Vi ønsker medarbeidarar som:har respekt for kvar enkelt pasient er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible har gode kommunikasjonsevner har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø ønsker og evner å motta rettleiing Vi tilbyr deg:Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisning Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMari Lerum, seksjonsleiar, 90619510 ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5202984138 Stillingsprosent: 14% Fast Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.