Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut

Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.  Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):   100 % fast stilling med oppstart i januar 2027 Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter. Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.  ArbeidsoppgåverGjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner  Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar KvalifikasjonarMå ha medisinsk kompetanse, til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom Personlege eigenskaparVi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar Vi tilbyrLøn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordingar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonFrank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786 ArbeidsstedSvanehaugvegen 7 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5205446067 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.