Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk-psykologisk rådgivar

Klepp kommune, PPT

Arbeidssted
KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
16. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du vera med og skapa eit inkluderande fellesskap der barn og unge opplever meistring, trivsel og læring? Klepp PPT søkjer ein engasjert og fagleg sterk pedagogisk-psykologisk rådgivar som ønskjer å gjera ein forskjell for barn og unge i barnehage og skule. Vi er eit kompetent og utviklingsorientert fagmiljø som arbeider tett saman med barnehagar, skular, føresette og andre samarbeidspartnarar. Klepp PPT har eit særleg fokus på førebyggjande arbeid, tidleg innsats og inkluderande praksis. Vi arbeider både systemretta og individretta for å styrkja laget rundt barnet og bidra til gode oppvekst- og læringsmiljø. PPT held til i gode lokale på Horpestad. Vi har eit fagleg positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av tilsette med spesialiserte utdanningar. Vi søker etter ein engasjert, kunnskapsrik og endringskompetent PP- rådgivar til å supplere laget vårt.   Vi har ledig:  100 % fast stilling som PP-rådgivar frå 01.02.27.  60 % vikariat som PP-rådgivar frå 01.12.26 - 30.06.27 med moglegheit for utviding. Kontaktinformasjon: Grethe Barane, leiar Klepp PPT, telefon 916 88657 ArbeidsoppgåverSystem- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta   Førebyggjande og tverrfagleg samarbeid i Klepp kommune  Rettleiing og rådgjeving til barnehagar og skular   Observasjon og kartlegging av barn/elevar   Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar Kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for barn og elevar Aktiv deltaking i utviklinga av PPT og fagmiljøet Sikre elevens medverknad i saker PPT er involvert i Sakkunnig arbeid etter barnehage og opplæringslova   Samarbeide med, og støtte barnehagar og skular i, det førebyggjande arbeidet med å gi eit inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. KvalifikasjonarVi søkjer deg som har: Mastergrad eller profesjonsutdanning innan pedagogikk, spesialpedagogikk, logopedi eller psykologi Kjennskap til gjeldande lovverk og sakkunnig arbeid God forståing for barnehage og skule som system Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar God digital kompetanse Erfaring frå PPT og systemretta arbeid er ein fordel. Relevant test-kompetanse og rettleiingskompetanse   God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg   For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2 PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.   Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.     Kopi av attestar og vitnemål leggjast ved søknad. Det må leggjast fram politiattest før oppstart i stilling   Personlege eigenskaparVi ønskjer ein kollega som: Er fagleg engasjert og utviklingsorientert Har god system- og rolleforståing Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Er trygg, tydeleg og raus i møte med andre At ein dekkjer sentrale oppgåver for PP-tenesta   At ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar   Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet   Evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert, løysingsorientert og effektivt   At ein må kunne arbeide i team, og samstundes vere sjølvstendig og målretta    Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyrEit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling Fleksitid avtale  Løn etter gjeldande avtaleverk Samarbeid i team og tverrfaglege miljø   Konkurransedyktig løn, forsikringsordningar og pensjonsordning i KLP, samt tillegg for disponering av eigen bil i tenesta  KontaktinformasjonGrethe Løvås Barane, leiar, +47 91688657 ArbeidsstadOrrevegen 304 4352 Horpestad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5203115732 Stillingsprosent: 100, 60% Fast, Vikar Søknadsfrist: 16.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.