Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Faglærar, Restaurant og matfag

Borgund vgs, Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Har du lyst til å undervise ved ein av dei største og mest moderne vidaregåande skulane i fylket? Ønskjer du å vere ein del av eit engasjert fagmiljø som samarbeider tett for å gi elevane meistring og motivasjon for å bli yrkesklar? Då kan du vere den læraren vi ser etter.   Borgund vidaregåande skole har ledig 100 % fast stilling som faglærar i Restaurant- og matfag frå 01.03.27, eller etter avtale.   ArbeidsoppgåverSom lærar i Restaurant- og matfag vil du: Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanane Vurdere elevar sitt arbeid og gi tilbakemeldingar som fremjar læring og utvikling Samarbeide med arbeidslivet og følgje opp elevar i praksis Bidra i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid Vere ein aktiv del av eit lærarkollegium som legg vekt på samarbeid og deling av erfaringar   KvalifikasjonarHar undervisningskompetanse innan Restaurant- og matfag Har fagbrev innan eitt eller fleire av matfaga Har god digital kompetanse og kan nytte IKT som ein naturleg del av undervisninga Relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning (PPU-Y, Yrkesfaglærarutdanning (YFL) eller tilsvarande) er ein føresetnad for fast tilsetjing. Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning. Personlege eigenskaparVi ønskjer ein medarbeider som: Har gode samarbeidsevner og trivst med å lære saman med andre Byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer Ser og følgjer opp den enkelte elev Trivst i arbeid med ungdom Er tålmodig, positiv og raus Er engasjert i faget sitt og ønskjer å bidra til eit godt læringsmiljø Vi tilbyrEit sterkt og inkluderande fagmiljø Moderne fasilitetar og godt utstyrte undervisningslokale Engasjerte kollegaer og tett samarbeid i avdelinga Moglegheiter for fagleg utvikling Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med på å forme framtida til ungdomane våre Gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.Bli med og inspirer morgondagens fagarbeidarar i restaurant- og matbransjen! Anna:  Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.  Den som blir tilsett må levere politiattest. KontaktinformasjonSissel Brennholm, Fagleiar Restaurant og matfag/kantina, 93202318 Roger Fylling, Rektor, 93441678 ArbeidsstadYrkesskolevegen 20 6011 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5207675465 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 22.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.