Fagarbeider
Fjone barnehage, Nissedal kommune
- Arbeidssted
- NISSEDAL, TREUNGEN, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 29. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og byggje verdas beste oppvekstbygd?
Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2026 - 10.10.2027.
I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge.
Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å gi barna ein trygg og utviklande kvardag, og som ser verdien av å byggje gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer.
ArbeidsoppgåverDelta aktivt i det daglege arbeidet med barna.
Leggje til rette for leik, utforsking, læring og meistring.
Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø.
Støtte barna si sosiale, emosjonelle og språklege utvikling.
Vere ein tydeleg og trygg vaksen som byggjer gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
Vere med på å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med resten av personalgruppa.
Delta i fagleg utviklingsarbeid og bidra til å realisere måla i barnehagen sine lokale og overordna planverk og styringsdokument.
KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Kandidatar med andre relevante fagbrev og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn og unge kan bli vurderte.
Førarkort klasse B
Du kan kommunisere godt munnleg på norsk.
Politiattest må leggast fram før tiltreding.
Personlege eigenskaparVi søkjer deg som:
Har lyst til å vere ein aktiv og tilstadesverande vaksen saman med barna i leik og kvardagsaktivitetar.
Ønskjer å byggje gode relasjonar og møte barn, føresette og kollegaer med varme og respekt.
Samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vil vere med og skape eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Vi tilbyrEit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode
Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga.
Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus.
Ein liten barnehage med store muligheter.
Moglegheit til å vere med på spanande utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst.
Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse."
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.
KontaktinformasjonMaria Moland, Styrar Fjone barnehage, 46 85 30 91, maria.moland@nissedal.kommune.no
ArbeidsstadFjonevegen 2238
3855 Fjone
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5194256401
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 01.10.2027
Søknadsfrist: 29.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.