Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Overstyrmann Askvoll-Værlandet-Fure

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Arbeidssted
ASKVOLL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
28. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi ser etter ein overstyrmann til vår ferge MF Nordfjord. Vil du bli ein del av eit dyktig og engasjert team? Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.Gode velferdsordningar med m.a leilegheit i Bergen, Oslo, Voss m.m.  Jobben er fagleg utfordrande og meiningsfull. Her bidrar du til at lokalsamfunnet går rundt. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. MF Nordfjord er eit fartøy som viser gode resultat tilknytta HMS og generelle måltal. Vi treng no forsterkningar som kan bidra til det gode arbeidet om bord.  Familievenleg turnus: mandag-onsdag, fredag-mandag, onsdag-fredag etterfulgt av 9 døgn fri. Du arbeider bare dag/kveld og ikkje på natt. Fri 2 av 3 helger i ordinær turnus, ekstra fri på sommaren med fri 3 av 4 helger. Kvifor bør du søke? Du får ein nøkkelrolle i å sikre pålitelig drift. Engasjerte og dyktige kollegaer. Mykje fritid både på helg og i kvardager. Turnus gjer at ein bør bu innenfor rimelig avstand frå Askvoll. Ta kontakt ved spørsmål.  ArbeidsoppgåverLeiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift  Vere avløysar for skipsførar  Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet  Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal  Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer  Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet KvalifikasjonarD3-sertifikat VHF/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta ECDIS kurs Krise-og passasjerhandtering Gyldig helseattest Personlege eigenskaparVi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø Gode velferdsordningar   Vi ser fram til å høyre frå deg! Fjord1 har og fleire ledige stillingar – både på sambandet og i andre delar av bedriften. Sjå gjerne oversikta på www.fjord1.no. KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no ArbeidsstadAskvoll 6980 Askvoll Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5076984909 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.