Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk leiar - vikariat ved Giske barnehage

Giske kommune, Giske barnehage

Arbeidssted
GISKE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
23. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig 60% stilling som pedagogisk leiar ved Giske barnehage frå 21.12.2026 til 31.03.2027, med moglegheit for forlenging. Barnehagen har fire avdelingar med omlag 65 barn. Barnehagen ligg midt på øya Giske med si unike historie, rike kulturliv og flotte natur. Vår visjon er «Saman i tryggleik og undring», og våre satsingsområde er livsmeistring, inkludering og språk. Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.  I Giske barnehage ønsker vi at barna si læring skal vere heilskapleg og meiningsskapande. Arbeidsmåten vår er i stor grad prosjektbasert. Det vil blant anna seie at læring alltid skal henge saman med leik, omsorg og danning, og læringa bør ha ein relevans i forhold til den verda barna tilhøyrer og dei krav livet stiller dei ovanfor. Målet er å finne balansen mellom eit pedagogisk innhald som tek utgangspunkt i barnet som skapande og lærande subjekt, og den verkelegheita barnet tilhøyrar med dei fysiske, sosiale og kulturelle rammene det lever innanfor.   Vi arbeider pedagogisk og systematisk med planlegging-, dokumentasjon- og vurderingsarbeid, og vi arbeider kvar dag for å sikre god kvalitet gjennom godt utarbeidde prosedyre og planar.   I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. Menn blir oppmoda om å søkje. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden. ArbeidsoppgåverAnsvar for å planlegge, gjennomføre og utvikle prosjekt i tråd med barnehagen sin årsplan og rammeplanen. Ansvar for å leie og rettleie personalet. KvalifikasjonarBarnehagelærarutdanning. Det er ønskjeleg med tilleggsutdanning i spesialpedagogikk. God digital kompetanse. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskaparEvne og vilje til å vere ein motiverande og tydeleg leiar. Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar. Initiativrik, ansvarsbevisst og fleksibel. Evne til å jobbe sjølvstendig med gode evner til samarbeid og leiing. Løysings- og utviklingsorientert, og innstilt på tverrfagleg samarbeid. Vi tilbyrUtfordrande, variert og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø. Fokus på tverrfagleg samarbeid. Giske kommune har fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde. Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår og konkurransedyktig løn.  KontaktinformasjonElias Martinus Valderhaug, einingsleiar, +47 91313027 ArbeidsstadBedehusvegen 5 6052 GISKE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5205056885 Stillingsprosent: 60% Vikar Startdato: 21.12.2026 Sluttdato: 31.03.2027 Søknadsfrist: 23.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.