Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du bli vår nye sjukepleiar? Vi søker deg!

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Arbeidssted
STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
2. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 01.11.2026. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode. Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.   Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass. Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din! Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut:Du tek imot, observerar og følgjer opp innlagde pasientar Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona) Du deltek på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss:Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav. Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg Vi ser etter deg som:Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet  Gjer faglege vurderingar og spør om råd når du er i tvil  Bidreg positivt til arbeidsmiljøet  Er nysgjerrig og ønskjer fagleg utvikling  Trivst i ein til tider travel kvardag  Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du:Opplæring tilpassa dine behov Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering  Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre  Bidra til pasienttryggleik Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5182354512 Stillingsprosent: 85% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.