Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, 

Sengepostar Førde, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
40

Stillingsdetaljer

Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027 Sengepostane våre: Akutt døgn PSK Sikkerheit DPS døgn allmenn DPS døgn psykose  Tilsetjingsperioden er åtte veker. Opplys i søknaden: Kva veker du kan arbeide dersom du ikkje kan arbeide heile perioden Kva sengepost du ønskjer å arbeide ved Dokumentasjon på utdanning og praksis Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg. PSK Sikkerheit har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø. DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø. DPS døgn psykose har 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. ArbeidsoppgåverPasientretta arbeid Turnusarbeid Arbeid annakvar helg KvalifikasjonarSjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning Helsesportspedagog Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg Relevant erfaring Interesse for faget Førarkort kl. B er å føretrekke Personlege eigenskaparDu arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har gode samarbeidsevner Du kommuniserer godt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omtanke Vi tilbyrOpplæring i eit fagleg spennande miljø Opplæringskurs for nytilsette Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonMarianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerheit, 975 22 519 Roger Lundekvam, Seksjonsleiar akutt, 952 09 377 Ingunn Indrebø, Seksjonsleiar DPS allmenn, 478 90 705 Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS psykose, 993 78 985 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201299591 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.