Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Kantine- kafémedarbeidar 

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du skape gode opplevingar gjennom mat og service? Kvar dag møter vi hundrevis av gjestar i våre kantinar og kafear ved Haukeland universitetssjukehus. For mange er måltidet eit viktig avbrekk i ein travel arbeidsdag, medan andre er på sjukehuset som pasient eller pårørande. Då betyr det ekstra mykje å bli møtt av medarbeidarar som ser menneska rundt seg og leverer god service med eit smil. No har vi ledig ein 100% vikarstilling frå 4. januar 2027, eller etter avtale, til juni 2027 som kantine-/kafémedarbeidar ved Hospitaldrift Matforsyning Kafé. Vikariatet har moglegheit for forlenging og inngår i avdelinga si gjeldande turnusordning med arbeidstid pt kvar tredje helg og arbeidstid mellom kl. 07.00 og 19.00.  Det blir tatt atterhald om at turnus og arbeidstid kan bli endra. Vi søker ein fleksibel, sjølvstendig og ansvarsbevisst medarbeidar som trivst med kundekontakt, likar ein aktiv arbeidskvardag og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande team der kvalitet, matglede og service står i sentrum. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen. Om oss Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 800 medarbeidarar fordelt på åtte einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet “Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar. Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. ArbeidsoppgåverYte profesjonell service og kundebehandling Betening av kasse - betalingssystem Tillaging av både varm og kald mat Vareeksponering Reinhald, oppvask og rydding Anna forefallande arbeid etter behov Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø KvalifikasjonarHa gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg på nivå med B2 eller tilsvarande. Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumenterast Erfaring frå kantine- eller kafédrift og kundebehandling Vere serviceinnstilt og imøtekommande Ha kjennskap til IK-mat Vere løysingsorientert Over 18 år Taklar fysisk krevande arbeid Personlege eigenskaparEr kundevennleg, omgjengeleg og serviceinnstilt Har god orden og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team Evner til å sette seg inn i kundens ønsker og behov Er strukturert og nøyaktig Er fleksibel og kan arbeide i eit hektisk miljø Er fagleg interesse og engasjement Evner til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Vi tilbyrSpennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN" Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Eit aktivt bedriftsidrettslag Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonRené Kaser, Seksjonsleiar, 55974905 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5210036062 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 27.06.2027 Søknadsfrist: 06.12.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.