Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar
Sunnfjord kommune Bygstad barnehage
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 12. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på å skape ein trygg, leiken og lærerik kvardag for barna våre? Sunnfjord kommune har ledige stillingar som pedagogar.
Vi søkjer engasjerte og tydelege pedagogar til mellombelse stillingar i barnehagane våre. Som pedagog får du hovudansvaret for å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tråd med barnehagelova og rammeplanen. Du vil leie og rettleie teamet ditt, og samarbeide tett med foreldre og resten av fagmiljøet i barnehagen for å sikre eit inkluderande og godt oppvekstmiljø.
Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:
Bygstad barnehage:
100 % stilling som pedagogisk leiar, vikariat i perioden 01.01.2027 - 15.08.2027
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 970 53 654, eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no
Skei barnehage
100 % stilling som pedagog ,vikariat i perioden 01.01.2027 - 31.07.2027 (20 % som pedagogisk leiar og 80 % som barnehagelærar)
For meir opplysningar, ta kontakt med konstituert einingsleiar Anne-Sofie Fonn Nilsen. tlf. 994 85 240, eller på e-post anne-sofie.fonn.nilsen@sunnfjord.kommune.no
Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen, jf. arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk. Barnehagane kan tilby deg:god oppfølging av nytilsette
deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
tillegg som pedagogisk leiar
kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
du har gode evner til å leie barn og vaksne
du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
Søkar må søkar legge fram gyldig politiattest utan merknad før tilsetting.
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar!
For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.