Kokk ved institusjonskjøkkenet - bli ein del av laget vårt!
Hogatunet bu- og behandlingssenter, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, NORDFJORDEID, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ved institusjonskjøkkenet vårt har vi ledig stilling som kokk frå 1.12.2026.
Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, trivst med samarbeid og ønskjer å bruke kokkefaget til å skape gode kvardagsopplevingar for andre.
Kjøkkenet er hjartet i mange av tenestene våre. Kvar dag lagar vi måltid som bidreg til helse, trivsel og livskvalitet for bebuarar og brukarar.
Som kokk hos oss får du vere med på å gjere ein forskjell gjennom mat laga med kvalitet, omtanke og fagleg stoltheit.
Kven er vi?
Institusjonskjøkkenet produserer måltid til bebuarar ved Hogatunet, Fossevegen bufellesskap, dagsenter og heimebuande brukarar. Vi er opptekne av ernæring, matglede og kvalitet, og arbeider tett saman for å gi eit best mogleg tilbod.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer som støttar kvarandre og deler kompetanse.
ArbeidsoppgåverProduksjon av varme og kalde måltid
Tilrettelegging av spesialkost og diettar
Bidra til god kvalitet, mattryggleik og hygiene
Varebestilling og lagerhandtering
Reinhald og internkontroll i tråd med gjeldande rutinar
Samarbeid med pleiepersonell og andre faggrupper
Medverke til vidare utvikling av kjøkkenet og tenestene våre
KvalifikasjonarHar fagbrev som kokk eller institusjonskokk
Har interesse for ernæring og måltid til personar med ulike behov
Arbeider strukturert og tek ansvar
Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
Samarbeider godt med andre, men trivst òg med sjølvstendig arbeid
Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Erfaring frå institusjon, storkjøkken, kantine eller restaurant er ein fordel, men vi oppmodar også andre kvalifiserte kandidatar til å søkje
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevne, fleksibilitet og serviceinnstilt
Må kunne arbeide sjølvstendig og i team
Er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyrEi meiningsfull rolle der arbeidet ditt betyr mykje for andre
Årsturnus med arbeid kvar 3. helg og helgedagar.
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Varierte arbeidsoppgåver og høve til å påverke arbeidskvardagen
Fagleg utvikling og kompetanseheving
Løn- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
KontaktinformasjonHeidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
ArbeidsstadSkulevegen 24
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5185299083
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.