Sauda ungdomsskule søkjer
Sauda kommune Sauda ungdomsskule
- Arbeidssted
- SAUDA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Sauda ungdomsskule er ein 8.-10. skule med ca 180 elevar. Skulens leiing består av rektor i 100% og avdelingsleiar i 100%.
Skulen er ein MOT-skule med visjonen «Saman for vår framtid.» Visjonen uttrykkjer ei tru på at den beste skulen skaper vi saman med elevar, føresette og tilsette.
Skulane i Sauda skal stå fram som lærande organisasjonar der fagleg utvikling gjennom kollektiv kompetanseutvikling står sentralt. Nynorsk er hovudmål.
Rektor er organisert under kommunalsjef for oppvekst. Rektor er einingsleiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og tilsette, og går inn i eit leiarnettverk med rektorar frå dei andre skulane i kommunen og i interkommunalt samarbeid.
Sauda kommune ser etter deg som kan og vil vera og gjera ein skilnad for barn og unge. Du har evne til nytenking, er initiativrik og har god gjennomføringsevne.
Ansvar- og arbeidsoppgåverSikre alle elevar eit trygt og godt læringsmiljø
Følgje opp den lokale BTI-modellen for tidleg og tverrfagleg innsats
Styre og leie kollektivt kompetanseutviklingsarbeid
Aktiv deltaking i kommunalsjefen sitt leiarteam og i regionalt samarbeid om kompetanseutvikling
Utøve internkontroll jmfr. forskrift
Personaloppfølging
Administrativ og økonomisk styring
KvalifikasjonerHøgare utdanning med relevant pedagogisk utdanning
Leiarutdanning (har, eller ønskjer å ta)
Undervisningserfaring, gjerne frå ungdomstrinnet
Gode norskdugleikar, munnleg og skriftleg
God digital kompetanse
Me søkjer deg som kommuniserer trygt og godt, skriftleg og munnleg
kan leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta utviklingsarbeid
kan leie og styre det pedagogiske arbeidet slik at det bidreg til eit godt læringsutbyte for kvar elev
kan gi og ta imot rettleiing
har god kjennskap til- og forståing for opplæringslova
har god økonomisk styring
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilbyGode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
Ein interessant jobb med konkurransedyktige løns- og arbeidstilhøve
Godt arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens Pensjonskasse
TilsetjingsvilkårDen som vert tilsett, vil vera underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, forskrifter og avtalar for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil vi krevje godkjent politiattest. Det vert inngått eigen leiaravtale.
Søknad sendesSauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom du oppgir grunngjeving for å bli unnateken frå offentleg innsyn i søknaden din, og oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli informert, jf. offentleglova § 25.Velkomen som søkjar!
Les meir om å jobbe, bo og leve i Sauda her: https://visitsauda.no/ny-i-sauda/
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.