Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

2 tannlegestillingar ved distriktstannklinikken Sunndalsøra

Kristiansund kompetanseregion, Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
SUNNDAL, SUNNDALSØRA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
28. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

To faste 100% tannlegestillingar er ledig på Sunndalsøra på Nordmøre. Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og vidareutvikle den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal. Distriktstannklinikken ligg i sentrum av Sunndalsøra, i Sunndal kommune. Klinikken har overtannlegen i kompetanseregionen, to tannlegar, ein tannpleiar og tre  tannhelsesekretærar.   Sunndal er ein stor industri- og kraftkommune, omkransa av vill og vakker natur. Kommunen har mykje å tilby av aktivitetar og attraksjonar heile året, med gode kultur- og fritidstilbod. Kommunen ligg i kort avstand til både Kristiansund, Molde og Oppdal. (Les meir på: www.sunndal.com/no/).   ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege.  God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg   Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.   Personlege eigenskaparTrivst med å jobbe med og for menneske  Jobbar effektivt og sjølvstendig  God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert  Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø  Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg  Lønn etter avtale Oppdatert og fin tannklinikk  Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse  Trivelege medarbeidarar og godt miljø  Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer  Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg  Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)  Etableringstilskot Flyttetilskot Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadAuragata 5 6600 Sunndalsøra Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5175787010 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.