Avdelingsleiar 100%
Buteneste nordre, Ålesund kommune
- Arbeidssted
- ÅLESUND, ØRSKOG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og byggje morgondagens tenester – og leie eit team frå start?
Er du ein engasjert og framtidsretta leiar som blir motivert av å byggje team, utvikle fagmiljø og skape tenester med høg kvalitet? Då kan dette vere moglegheita du har venta på!
Boteneste Nordre har ei stor avdeling på Ørskog som gir tenester til personar med utviklingshemming. Avdelinga har vakse i omfang og skal no delast i to. I samband med dette søkjer vi etter ny avdelingsleiar.
Du får ei spennande moglegheit til å vere med heilt frå starten når vi etablerer eit nytt team på Hallvarmarka innan Tvungen Omsorg. Her får du ei sentral rolle i å byggje opp eit nytt fagmiljø, samstundes som du skal vere med på å vidareutvikle eksisterande tenester og team.
Vi etablerer eit nytt team med 3:1-bemanning, samstundes som to eksisterande team med 2:1-bemanning skal vidareutviklast. Turnusen for det nye teamet med 3:1-bemanning vil vere ein kombinasjon av medleverturnus og langvakter.
I arbeidet får du eit tett samarbeid med St. Olavs hospital, Fagenheten for tvungen omsorg, som har det faglege ansvaret for 3:1-tiltaket og skal bidra med rettleiing av personalet. Dette gir deg som leiar ei unik moglegheit til å vere med på å utvikle eit sterkt og kompetent fagmiljø rundt ei krevjande og viktig teneste.
Vi ser etter deg som vil vere med frå starten
Ålesund kommune arbeider etter rettleiaren «Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming» og er i gang med implementering av positiv åtferdsstøtte (PAS).
Vi ønskjer ein leiar som ser verdien av persontilpassa tenester, sjølvbestemming, inkludering og høg fagleg kvalitet – og som ønskjer å omsetje desse verdiane til praksis i kvardagen.
Vil du vere med og byggje eit nytt team, utvikle fagmiljøet og setje retning for morgondagens tenester?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Som ein del av rekrutteringsprosessen vil aktuelle kandidatar bli inviterast til å gjennomføre evne- og personlighetstester.
ArbeidsoppgåverSikre at tjenestemottakerane får individuelt tilpassa tenester som fremjar sjølvbestemming, deltaking, livskvalitet og gode kvardagsliv.
Leie og vidareutvikle tenestene i Botjeneste Nordre, avdeling Ørskog.
Ha ei sentral rolle i planlegging, etablering og oppstart av tiltaket rundt tvungen omsorg.
Byggje fagkultur og arbeidsmiljø prega av respekt, samarbeid, læring og kontinuerleg forbetring.
Rekruttere, utvikle og følgje opp medarbeidarar og fagpersonar.
Gi fagleg rettleiing og legge til rette for kompetanseutvikling.
Bidra til implementering av PAS og andre kunnskapsbaserte metodar innan tenestene.
Vere ansvarleg for delegerte oppgåver innan personalleiing, turnus, økonomi og dagleg drift.
Leie arbeidet med førebygging av tvang og makt og sikre forsvarleg oppfølging etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Vere pådrivar for bruk av velferdsteknologi og innovative løysingar.
Samarbeide tett med bebuarar, pårørande, verjer og relevante samarbeidspartnarar.
Vere med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
KvalifikasjonarAutorisasjon som vernepleiar/sykepleier er ønskjeleg og vil bli tillagt særleg vekt.
Andre relevante bachelorutdanningar innan helse- og sosialfag kan vurderast.
Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som vert tilsett i stillinga
gjennomfører slik vidareutdanning.
Erfaring frå arbeid innen psykiatri er ønskjeleg.
Erfaring med leiing, fagutvikling eller koordinering er ønskjeleg.
Kunnskap om PAS, målretta miljøarbeid og personorienterte tenester er ein fordel.
Erfaring frå arbeid etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
God digital kompetanse.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
Personlege eigenskaparVere ein trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement.
Du motiverast av utviklingsarbeid og moglegheita til å byggje noko nytt.
Evne til å gjennomføe og trivst med både strategiske og operative oppgåver.
Du ser verdien av medarbeidarskap og involvering.
Strukturert, fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig.
Tek ansvar for kvalitet og resultat.
Gode relasjonelle ferdigheiter og kommuniserer godt med bebuarar, pårørande og medarbeidarar.
Personlege eigenskaper blir vektlagt.
Vi tilbyrEi unik mogelegheit til å etablere og utvikle eit nytt bufellesskap med høge faglege ambisjonar.
Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas tenester for personar med utviklingshemming i Ålesund kommune.
Deltaging i implementering av PAS og vidare utvikling av kunnskapsbaserte tenester.
Eit inkluderande og støttande leiarmiljø.
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver.
Vi vil tilby eit støttande og engsjert kollegialt team.
Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff for leiarstillingar.
Pensjonsordning i henhold til tariff.
Bedriftshelsetjeneste.
IA bedrift.
Gratis parkering.
KontaktinformasjonSilje F. Midthjell, Avdelingsleder, 951 47 889, Silje.Midthjell@alesund.kommune.no
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no
ArbeidsstadSteinholtvegen 9
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5197699135
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.