Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Overlege/lege i spesialisering (LIS3)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk BUP Stord

Arbeidssted
KVINNHERAD, HUSNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved BUP Stord har vi ledig ei 100 % fast stilling som overlege eller lege i spesialisering (LIS 3), med arbeidsstad ved Husnes-/Odda-kontoret. Stillinga kan òg vere aktuell som praksis i spesialiseringsløp, til dømes i allmennmedisin. Vi gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0–18 år). Opptaksområdet vårt omfattar seks kommunar: Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad og Ullensvang. BUP Stord er organisert saman med Stord DPS under felles leiing og er delt inn i fire team. Poliklinikken har 25 fagstillingar. Kontora på Husnes og i Odda er utekontor for BUP Stord og gir tilbod til pasientar frå Ullensvang og Kvinnherad. I dag har vi tre fagstillingar og ein merkantilt tilsett med fast kontorstad på Husnes, og tre fagstillingar ved Odda-kontoret. Alle er knytte til team ved BUP Stord. På Stord har vi eit breitt tverrfagleg fagmiljø med god overlege- og spesialistdekning. Overlegen ved Husnes-/Odda-teamet deltek i faste legemøte og har tett kontakt med overlegane på Stord. Overlegegruppa er stabil og lokalt forankra. Overlegar ved BUP Stord inngår per i dag ikkje i vaktsystemet. Det er mogleg å ha kontorbase både på Husnes og i Odda. Som LIS 3 deltek du fast på teammøte og internundervisning ein gong i veka. Du får ein fast rettleiar og følger både LIS-undervisning og internundervisning. Du blir òg ein del av eit kompetent og tilgjengeleg tverrfagleg fagmiljø. Vi legg til rette for individuelt tilpassa utdanningsløp, der vi legg vekt på dine faglege interesseområde, i samsvar med dei overordna utdanningskrava. Vi søker engasjerte og fagleg interesserte legar som vil vere med på å utvikle og forme barne- og ungdomspsykiatrien i Helse Fonna. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom Aktiv deltaking i tverrfaglege diskusjonar og problemløysing Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom Som spesialist: rettleiing, vurderingar og ansvar for pasientar Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Må ha dokumentert autorisasjon Erfaring frå BUP er ønskeleg Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som: trivst med å jobbe med barn, ungdom og føresette har interesse for barne- og ungdomspsykiatri arbeider sjølvstendig og har god oversikt over eigne oppgåver tar initiativ og samarbeider godt med andre er open for endringar og bidrar med nye idear og løysingar Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Kvifor skal du velje oss?Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater Psykoterapirettleiing Arbeid i tverrfagleg team Heile spesialiteten kan takasti Helse Fonna Moglegheit for forsking i klinikk For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngvild Kaldråstøyl, Funksjonsleiar, +47 534 91220, ingvild.kaldrastoyl@helse-fonna.no ArbeidsstadStølshaugvegen 5 5460 Husnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5187681611 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.