Fastlege ved Selje legekontor
Helse, Stad kommune
- Arbeidssted
- STAD, SELJE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Fastlege / ALIS til Selje legekontor
Ønskjer du ei trygg og god inngang til allmennmedisin? Stad kommune tilbyr stilling som ALIS (Allmennlege i spesialisering) med tett oppfølging, gode rammevilkår og eit sterkt fagmiljø. Vi søkjer no fastlege til Selje legekontor, og både ALIS-legar og spesialistar i allmennmedisin er velkomne til å søkje. Vi ønskjer også søknadar frå legar som er interesserte i vikariat både til Selje og Eid legekontor.
Stad kommune har dei siste åra arbeidd målretta for å redusere arbeidsbelastninga og skape ein betre arbeidskvardag for fastlegane våre. Vi ønskjer å utvikle legetenesta vidare i tett samarbeid med legane, og søkjer deg som vil vere med på laget. Listelengd på heimlane i Selje er mellom 800 og 900 pasientar, kommunen er opne for å opprette ein fjerde heimel i Selje .
Kvifor velje Stad kommune?
Tilrettelagt ALIS-løp med rettleiing og gode utdanningsvilkår
Ingen goodwill eller kostnader ved overtaking av heimel
Forsterka 8.2-avtale med gode økonomiske ordningar
Sterkt fagmiljø med kollegaer ved to legekontor
Moderne kontor med kommunalt finansierte lokale, utstyr og hjelpepersonell
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kommunale bistillingar
Om legetenesta
Stad kommune har to kommunalt drivne legekontor og 13 fastlegeheimlar. Ti fastlegar og éin LIS1-lege held til ved Eid legekontor, medan dei øvrige heimlane er ved Selje legekontor.
Fastlegane er sjølvstendig næringsdrivande, og det er ingen kostnader knytt til overtaking av heimel (ingen goodwill). Alle legane har forsterka 8.2-avtale, der kommunen held lokale, medisinsk utstyr og hjelpepersonell.
Gjennom avtalen er legane sikra:
økonomisk kompensasjon ved inntil 16 dagar fråvær grunna eigen eller barns sjukdom
økonomisk kompensasjon for inntil 10 kursdagar per år
godtgjersle for daglegevakter
spesialistar i allmennmedisin får utbetalt 35 % av basistilskotet, medan ALIS-legar disponerer 15 %. Resterande del av basistilskotet går til kommunen som del av finansieringa av ordninga.
Legevakt og kommunale oppgåver
Den kommunale daglegevakta måndag til fredag kl. 08.00–16.00 vert fordelt mellom legane. Kveld-, natt- og helgevakt er organisert gjennom interkommunal legevakt ved Nordfjord sjukehus.
Vaktbelastninga er om lag tre vakter per månad, med vaktlengde på inntil ni timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunal legevakt. Legevakta er alltid bemanna med to sjukepleiarar, og fem kommunale ØHD-sengeplassar er samlokaliserte med legevakta.
Det kan òg vere aktuelt med kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.
Fagmiljø og utdanning
Legekontoret nyttar journalsystemet Infodoc frå EG.
På Nordfjordeid ligg Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, distriktspsykiatrisk senter med døgntilbod og regional ruspost. Sjukehuset tilbyr også institusjonsteneste for ALIS-legar etter gjeldande utdanningsordning.
Enten du er på veg inn i allmennmedisinen eller er erfaren spesialist, tilbyr Stad kommune eit inkluderande kollegium, solide rammer og moglegheita til å vere med og utvikle framtidas fastlegeteneste.
ArbeidsoppgåverKommunen er vertskommune for interkommunal legevakt
3-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 26-delt legevakt knytt til Nordfjord legevakt med om lag 22 000 innbyggjarar
KvalifikasjonarDu må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
Gjennomført LIS-1
Du må ha førarkort klasse B
Personlege eigenskaparGode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
Evne til å skape gode relasjonar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
God fagleg vurderingsevne
Vi tilbyrGodt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap
God allmennmedisinsk rettleiing
Gode økonomiske vilkår
Flyttegodtgjersle
Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.
Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månadar prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!
KontaktinformasjonLinda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Thomas Vingen Vedeld, Kommuneoverlege, 97 00 44 92, thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no
ArbeidsstadSeljetunvegen 11
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152103278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.