Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Tilkallingsvikarar i Bu- og aktivitetstenesta

Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Arbeidssted
SURNADAL, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
31. des. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
10

Stillingsdetaljer

Vi har behov for vikarar som kan arbeide som ekstrahjelper på tilkalling  ("ringevikarar"). Behovet kan vere størst på helg, men vi kan og ha noko behov i vekedagane. Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov. Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet. Du kan vere tilkallingsvikar som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller assistent og arbeidet passar t.d. godt for deg som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning, eller kanskje har lyst til å prøve ut arbeidet før du vel ei utdanning i eit helse- og omsorgsyrke. Ut frå brukarbehova har vi behov for menn ved nokre tilbod og kvinner i andre. Det er ein fordel å ha førarkort kl.B. Det er krav om tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Denne skal leggast fram før oppstart i arbeid. Hos oss får du: opplæring og veiledning kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn gode pensjons- og forsikringsordningar studentavlønning jf. reglane i personalplanen trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.