Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

ID 2485 Jordmor vikariat - Førebyggjande tenester

Stord kommune

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Førebyggande tenester, avdeling for førebyggande helse har ansvar for svangerskapsomsorga, helsestasjon, skulehelseteneste, smittevern og helsestasjon for ungdom. Me søkjer etter Jordmor i eit 60% vikariat i perioden 01.12.26- 30.11.27 Me søkjer etter ein engasjert fagperson som vil vera med på å gi gode tenester til gravide og barselkvinner og deira familiar. Me treng at du har: Godkjent jordmorutdanning og gjerne erfaring frå kommunehelsetenesta. Høg arbeidskapasitet Gode samarbeidsevner Bidreg inn i det tverrfaglege fellesskapet i helsestasjonen og i resten av avdelinga Stort engasjement for kvinnehelse og svangerskapsomsorga Vidare ynskjer me at du: Er engasjert og personleg eigna Systematisk, strukturert og sjølvstendig Interesse for og engasjement i høve til utviklingsarbeid i tenesta God munnleg og skriftleg framstillingsevne Påliteleg, men og fleksibel Har førarkort kl. B Me kan tilby: Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift Høgt faglig nivå Etablert tverrfagleg samarbeid Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Offentlig tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Spørsmål om stillingane kan rettast til leiande helsesjukepleiar Jorunn Hystad 94794288
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.